![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhvDmzdegNU-PkwRx3g6XIpxIL7dXRU3ZHO06uztDqBCWnIZkXqcSYF4gjpDsz0XlU5F7USJQGbjZhm-ElZammnM-2ukCEHoWCut9t1WF9np_k4jbkDpWQ2k9ZKi4aDLLdIZBnLGm9WXXU/s400/helsepolitisk+kaos.jpg)
SOGN AVIS Fylkestinget i Sogn og Fjordane framstår no som totalt rådlause etter fleire timar med sjukehusdebatt.
Dei 39 representantane klarte ikkje å semjast om noko som helst i saka der dei skulle uttala seg om Helse Førde sine framlegg om omorganisering av mellom anna lokalsjukehusa.
15 representantar på borgarleg side støtta eit framlegg om å ikkje røra sjukehusstrukturen, i alle høve ikkje før samhandingsreforma er vedteken i Stortinget, SV sine to støtta sitt eige framlegg, Senterpartiet likeså - medan 8 av 11 Ap-representantar støtta fylkesrådmannen sitt framlegg. Dei tre resterande fekk lov av gruppa til å røysta i mot og braut dermed med sitt eige parti. Forvirra, ikkje fortvil - verre kunne det knapt bli...
No må fylkestinget sende protokollen frå tingseta som sitt innspel til Helse Førde, og er dermed ikkje meiningslause - men full av ulike meiningar.
– Det er ein politisk falitt at ikkje fylkestinget klarer å einast om eit retningsgjevande vedtak, sa Clara Øberg til NRK no i ettermiddag.
• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar