Styret i Helse Vest vedtok onsdag styringsdokumenta og dei endelege inntektsrammene for helseføretaka i vest for 2008. Styret varslar sterkare eigarstyring med tettare oppfølging av område som økonomi, aktivitet og bemanning. Det er også peika på nye oppgåver for 2008.
- På grunn av manglande resultatoppnåing i 2007, er det nødvendig å gi enda meir detaljerte føringar i styringsbodskapen for 2008 samanlikna med tidlegare år, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest.
I tråd med signala frå Helse- og omsorgsdepartementet, legg han opp til tettare oppfølging med fokus på økonomi, aktivitet og utvikling i bemanninga.
- Også i 2008 er fagområde som rusbehandling, psykisk helsevern, habilitering og rehabilitering blant dei høgast prioriterte. I tillegg blir det understreka at føretaka skal ha fokus på kvalitet og at ein lærer av feil og systemsvikt, seier Oddvard Nilsen.
Samhandling på tvers av helsetenestene og riktig prioritering av pasientane slik at dei sjukaste får hjelp først, er ein gjennomgåande bodskap i styringsdokumenta. Styringsdokumenta blir formidla til helseføretaka i føretaksmøte 25. februar.
• Les heile saka på Helse Vest sine nettsider ved å klikke på overskrifta her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar