mandag 4. februar 2008

Kjell Opseth ut av Helse Førde-styret

Frustrasjonen til Kjell Opseth (72) har toppa seg, etter at Helse Vest no vil påleggje Helse Førde endå ei ny innstramming.

Veteranen hadde nyleg svara ja på ein førespurnad frå Helse Vest om å ta ein ny periode i styret for det lokale helseføretaket. Men søndag sende han e-post til Helse Vests administrerande direktør, Herlof Nilssen, med beskjed om at han ber om å bli friteken frå styrevervet.

Opseth seier han tok avgjerda si etter at Helse Vest-leiinga no vil nekte Helse Førde å skaffe seg større inntekter. – Vi blir overstyrte på ein måte som er heilt i strid med intensjonane i helsereforma, og vi har ikkje handlingsrom tilbake. Då har eg ikkje lenger noko i dette styret å gjere, seier Opseth til firda.no.

• Les heile saka på Firda på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar