Det danske selskapet Transmedica ynskjer å opprette eit nasjonalt senter for operasjon av overvektige i dei ledige lokala til Nærsjukehuset i Florø.
Klokka 14 i dag kjem svaret frå helseminister Sylvia Brustad om sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø blir lagt ned, slik Helse Førde ønskjer, eller om det blir vidare drift.
Men danske Transmedica har allereie planane klare for kva tilbod dei ynskjer å etablere i kystbyen. Selskapet sit på mykje kompetanse når det gjeld operasjonar av overvektige, og konserndirektør Karsten Svendsen viser til at det er lange ventelister i Norge for denne pasientgruppa.
• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke på overskrifta her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar