fredag 31. oktober 2008
Ludvigsen: - Helse Førde manglar strategiar
- Sjukehuset på Nordfjordeid er ein viktig del av Helse Førde. Det har vore problem å få Sentralsjukehusmiljøet og leiinga i Helse Førde til å erkjenne dette.
Dette seier stortingsmann Gunvald Ludvigsen (V) i ein kommentar til utsegnene om at delar av Nordfjord og nordfjordingar kjem til å velje spesialist- helsetenestetilboda på Sunnmøre framfor tilbod i eige helseføretak når Kvivsvegen opnar om nokre år.
- Det er viktig å ta inn over seg at lokalsjukehusa i helseføretaket er like viktige for Sentralsjukehuset, som Sentralsjukehuset er viktige for lokalsjukehusa. Helse Førde har fire bein å stå på, Sentralsjukehuset, psykiatrien og dei to lokalsjukehusa. Alle er like viktige. Tek ein bort eitt av «beina » får det store konsekvensar for heile helseføretaket, seier Ludvigsen som saknar ein strategi frå føretaksleiinga for å møte nye tider og nye utfordringar når infrastrukturen endrar seg.
• Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskriften
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar