tirsdag 2. november 2010

Klar melding til Gahr Støre


PORTEN Blir Lærdal sjukehus lagt ned leverar eg attende både partiboka og medaljen eg har fått. Harald T. Lægreid var klar i sin tale til utanriksministaren.

Lægreid har tidlegare gått ut og sagt han vil melde seg ut av Arbeiderpartiet dersom sjukehuset i Lærdal vert lagt ned. Då utanriksministar Jonas Gahr Støre var på vitjing i Årdal måndag, fekk partiveteranen på Årdalstangen ein prat med Gahr Støre på tomanns hand.
- Eg står fast ved det eg tidlegare har sagt, det er beklageleg etter 63 år som medlem i Arbeiderpartiet, men slik vert det dersom lokalsjukehuset vårt vert lagt ned, seier Lægreid.

Kva svara utanriksministaren til det?
- Han var forståelsesfull for mitt standpunkt, og ville ta dette med seg inn att til partiet sentralt i Oslo, seier Harald T. Lægreid.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar