lørdag 6. november 2010
Kristiansund: Gir ikkje opp sjukehuskamp
NRK MØRE OG ROMSDAL Sidsel Sæterøy frå Kristiansund Høgre, trur ikkje vedtaket om to sjukehus vert ståande
Kampen om å berge akutt og fødetilboda ved sjukehuset i Kristiansund held fram, sjølv om fleirtalet i styret for Helse Nordmøre og Romsdal vil samle desse tilboda i Molde.
Styremedlem Sidsel Sæterøy frå Kristiansund Høgre, trur ikkje vedtaket vert ståande.
- Eg har tillit til at vore sentrale politikarar skal sjå at fødande kvinner på Nordmøre ikkje kan leve med ei slik løysing. Det er trist at fleirtalet i styret til Helse Nordmøre og Romsdal ikkje ser det, seier Sæterøy.
Utgreiing
Fleire trur at ei utgreiing om endring av funksjonane vert avgjerande. Tillitsvald for sjukepleiarane både i Molde og Kristiansund, Tor Rune Aarø, er glad for at styret går inn for to sjukehus.
- Dette er viktig med tanke på nærleik både til pasientar og arbeidsplassar, seier Aarø.
Vurdere risiko
Når det gjeld samling av føde- og akuttfunksjonar i Molde, vil Aarø ha meir utgreiing.
- Vi må ha ein risiko- og sårbarhetsanalyse som viser kva det vil innebere å flytte desse funksjonane, seier Aarø.
• Les saka på NRK Møre og Romsdals sider ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar