onsdag 17. november 2010

Nordfjord: Næringsliv kjempar for sjukehus


NRK SOGN OG FJORDANE Næringslivet i Nordfjord har gått saman i felles kamp mot nedlegging av Nordfjord sjukehus.

- Engasjementet er stort og støtta frå medlemmane vore har vore unison. Alle er opptekne av at vi skal ha eit sjukehus på Nordfjordeid, det seier styremedlem i Stryn Næringssamskipnad, Per Ole Tenden.

5000 ber om at sjukehuset vert berga
Etter at Helse Førde i vår føreslo å leggje ned akutt og fødefunksjonar ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid har det storma både i Sogn og Nordfjord.

No har også næringslivet i Nordfjord kasta seg inn i kampen.

Totalt 483 verksemder står bak eit brev som er sendt til styra i Helse Vest og Helse Førde, i tillegg til fylkes og stortingspolitikarar. I brevet ber dei om at det vert teke initiativ til å verne akuttfunksjonane i fylket, det skriv avisa Fjordingen.

Verksemdene har til saman over 5000 tilsette som står bak brevet. Mellom verksemdene som står bak er Stryn Næringssamskipnad, Eid utviklingsfelleskap, Måløy Vekst og Gloppen næringsorganisasjon.

- Vi er mange hundre bedrifter som står bak og håpar det vil ha ein tyngde i det som vi prøver å få fram her. Og håpet er no at politikarane skal ta det inn over seg, seier Tenden til NRK.

-Dei unge treng tryggleiken i å ha eit sjukehus
Ein viktig bakgrunn for at næringslivet engasjerer seg er at dei ønskjer å sikre seg at ungdommen torer å vende tilbake til Nordfjord.

- Det er ingen høgskule i området her, og difor må vi ofte sende ungdommen ut for å utdanne seg og skaffe seg erfaring. Det er viktig for oss at dei som skal flytte heim kan føle seg trygge når dei skal etablere seg her, seier Tenden.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar