fredag 26. november 2010

Nektar å godta nedlegging


FJORDABLADET Nordfjordrådet nektar å godta ei omlegging av Nordfjord sjukehus til eit lokalmedisinsk senter og leiar Gunn R. V. Helgesen seier at dei vil be om eit møte med helse- og omsorgsministeren om saka.

Fem av ordførarane i Nordfjord var i ettermiddag samla til ekstraordinært møte på Nordfjordeid der dei drøfta framlegget frå administrasjonen i Helse Vest om å legge ned Nordfjord sjukehus. Slik ordførarane ser det, vil sjukehuset bli omdanna til eit medisinsk senter dersom Helse Vest-styret vedtek dei føreslegne endringane som mellom anna inneber nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid og eit samarbeid med Volda sjukehus på dette området.

Nordfjordråd-leiar Gunn R. V. Helgesen seier til Fjordabladet at Nordfjordrådet vil sende brev til Helse Vest der dei gjev uttrykk for at Nordfjord-kommunane ikkje kjem til å godta det som i realiteten er ei nedlegging av Nordfjord sjukehus og omgjering til eit lokalmedisinsk senter. Dei meiner at det er i strid både med foretakslova og politiske dokument at det regionale helseføretaket skal kunne avgjere så store strukturendringar. Vedtak om så gjennomgripande strukturendringar må avgjerast på regjerings/stortingsnivå.

Nordfjordrådet etterlyser mellom anna analyser av konsekvensar og risiko ved å legge ned fødeavdelinga på Nordfjordeid.

Helgesen seier at det som no er i ferd med å skje også vil svekke sentralsjukehuset. For kvart grep som vert gjort som medfører at pasientar reiser ut av fylket, vil også sentralsjukehuset miste pasientgrunnlag.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar