torsdag 28. oktober 2010
Medlemmer av fagekspertgruppa: – Vi er blitt gissel for Helse Førde
BERGENS TIDENDE Fleire medlemmer av fagekspertgruppa som skulle vurdere fødetilbodet i Sogn og Fjordane kjenner seg misbrukte av Helse Førde.
– Eg kjenner meg teken som gissel, seier Linda Grotle Hauge, jordmor ved Nordfjord sjukehus og medlem av fagekspertgruppa.
Vidareføring av fødetilboda i Eid og Lærdal var aldri tema for faggruppas arbeid med fødeplanen for Sogn og Fjordane. Medlemer av gruppa føler seg dolka i ryggen.
Fleire medlemer av fagekspertgruppa for fødeplanen har siste dagane teke kontakt med Helse Førde og gjort det klart at dei reagerer sterkt på sluttrapporten og det som skjedde då fødeplanen sist fredag var oppe i styret.
Styret rosa arbeidet opp i skyene, før dei vedtok å slutte seg til konklusjonen om å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid og fødestova i Lærdal. Førde sentralsjukehus kan bli einaste fødestaden i fylket.
– Denne avgjerda er eine og åleine basert på faglege vurderingar, sa styreleiar Clara Øberg til media etter av styret hadde fatta sitt vedtak.
Ikkje drøfta
Problemet er at ekspertgruppa aldri diskuterte å oppretthalde fødeavdelinga på Nordfjordeid. Heller ikkje var det noko alternativ å drive vidare den forsterka fødestova i Lærdal. Alle modellane dei fekk i oppdrag å sjå på, innebar nedlegging. Likevel står det følgjande å lese i samandraget i rapporten «Områdeplan for svangerskaps–, fødsels– og barselomsorga i Helse Førde»: «Faggruppa har drøfta framhald av drift av fødeavdelinga på Nordfjordeid, men ut frå kvalitetskrava i «Eit trygt fødetilbod» finn ein ikkje å kunne støtte dette i den noverande form».
– Vi kjenner oss gjort ansvarlege for eit styrevedtak basert på konklusjonar vi aldri har trekt. Det er oppriktig fortvilande, seier Grotle Hauge. Ho snakkar på vegner av seg sjølv og to andre medlemer i faggruppa, kommunelege Anne Stubdal i Stryn og helsesøster Sigrid Lysne i Lærdal.
Pest og kolera
Arbeidet med fødeplanane blei leia av ei styringsgruppe. I spissen for denne var direktør for kirurgisk klinikk i helseføretaket, Tore Dvergsdal. Styringsgruppa vedtok å opprette ei fagekspertgruppe sett saman av helsetilsette med lang yrkeserfaring både frå kommune– og spesialisthelsetenesta frå ulike delar av fylket. Ekspertgruppa hadde fire heildagsmøte der dei jobba med planen.
– Vi forstod det slik at det var bestemt å leggje ned dei eksisterande fødetilboda i Eid og Lærdal. Det låg til grunn for at ei samla faggruppa konkluderte som vi gjorde. Vidare drift desse to stadene var ikkje–tema, seier Grotle Hauge.
Fagekspertgruppa hadde sitt siste møte 24. september.
Snudd på hovudet
– Vi gjorde etter mitt syn eit hastverksarbeid der vi i praksis stod overfor eit val mellom pest og kolera. På det avsluttande møtet var vi opptekne av at det i alle fall ikkje måtte vere tvil om kva faggruppa meinte, seier jordmora. Etterpå høyrde ikkje Stubdal, Lysne og Grotle Hauge noko. Overraskinga var difor stor då styreleiar Clara Øberg viste til fagfolkas konklusjonar då ho forklarte vedtaket om å leggje ned i Eid og Lærdal. Ikkje mindre overraska blei dei då dei etter helga blei gjort kjende med formuleringane i styredokumenta om at faggruppa har vurdert og gått god for nedlegging.
– Når eg ser på dokumenta som er presentert for styret, er det eit samrøre av to gruppers arbeid, seier Grotle Hauge.
– Korleis opplever du dette?
– Heile saka er totalt snudd på hovudet. Først blir vi bedne om å kome med faglege råd ut frå at to tilbod er lagt ned. Så blir vi i ettertid brukt for å grunngje nedlegging av dei same to tilboda. Eg er forferdeleg skuffa, og tykkjer prosessen har vore uryddig.
• Saka er i Bergens Tidende, side 8 papirutgåva torsdag 28. oktober 2010. Kjøp pdf-fil av sida eller heile avisa ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar