onsdag 1. desember 2010
Helse Vest legg ned føde- og ortopeditilbod
NRK SOGN OG FJORDANE Føde- og ortopeditilbodet ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal vart i føremiddag bestemt nedlagt.
Dermed støttar styret i Helse Vest framlegget frå administrasjonen i Helse Vest og vedtaket i styret i Helse Førde.
Helse Vest går inn for å oppretthalde 15 senger både i Lærdal og Eid.
Dei fødande i Nordfjord skal dessutan til Volda i staden for til Førde.
Både ved Nordfjord sjukehus og ved Lærdal sjukehus vil det vere framleis trong for 15 sjukepleiarar og fire overlegar på andre avdelingar. Desse skal vere spesialistar ved sjukehusa.
Lovar å kjempe vidare
I november kom administrasjonen i Helse Vest med sitt framlegg til sjukehusstruktur i Helse Førde. Her la administrasjonen opp til å leggje ned fødetilbodet både i Eid og i Lærdal.
Det er denne planen styret onsdag banka gjennom.
Lovar å kjempe vidare
No reagerer Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus:
- Eg vil minne om at Helse Vest gjorde det same vedtaket i 2003, og då vart det så mykje press at helseminister Dagfinn Høybråten til slutt ombestemte seg, seier ho.
- Du meiner det framleis er eit håp?
- Det er ikkje berre eit håp. Vi skal kjempe vidare for å oppretthalde sjukehusa, og kan rett og slett ikkje godta dette. Eg trur dette er ei skikkeleg mobilisering til demonstrasjonen i Oslo på måndag, seier Øien Hauge.
- Gir betre kvalitet på helsetenestene
Totalt tilsvarer Helse Vest-vedtaket at dei opprettheld 80 prosent av dagens tilbod ved sjukehusa i Eid og Lærdal.
- Slik eg oppfattar det, får spesialisthelsetenestene no god kvalitet i Sogn og Fjordane - og innanfor ei økonomisk ramme som gir moglegheiter for Helse å planleggje investeringar over tid, seier styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest.
Han legg til:
- Over tid vil dette skape betre kvalitet og betre helsetenester i Helse Førde.
• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar