fredag 10. desember 2010
Møter aksjonsleiar i Volda
NRK SOGN OG FJORDANE Helseministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen takka først nei til å delta på nordfjordingane sin juleaksjon for lokalsjukehusa. No har helseministeren sagt ja til å møte aksjonsleiaren.
Måndag har 600 personar meldt si deltaking på ein aksjon til støtte for lokalsjukehusa. I sju tettstader i Nordfjord skal foreldre og småborn syngje Sunnfjord-diktaren Jacob Sande sin landskjende julesong «Det lyser i stille grender».
LES OGSÅ: I Lucia-tog for truga sjukehus
Då aksjonistane fekk vite at helse- og omsorgsministeren (Ap) same dag gjestar Volda, inviterte dei Strøm-Erichsen sør om fjorden. Men statsråden takk pent nei og viste til at det ikkje vart tid til noko Nordfjord-besøk.
Men initiativtakar Janne Endal Anderson visste råd. Ho inviterte seg sjølv til eit møte med statsråden i Volda. Her vil ho overrekkje sju kvite lys til Strøm-Erichsen.
– Denne førespurnaden har vi takka ja til, opplyser politisk rådgjevar Tord Dale.
Statsråden skal også innom Ålesund under sitt sunnmørsbesøk.
• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar