mandag 13. desember 2010
Valforskar: - Ap under kraftig press
FIRDA/FIRDA.NO Lokalsjukehus og kraftmaster set Arbeidarpartiet under voldsomt press på Vestlandet, seier valforskar.
Striden om lokalsjukehus og kraftmaster har sett Arbeidarpartiet under eit voldsomt press på Vestlandet, meiner valforskar Bernt Aardal.
- Ap og dei to andre regjeringspartia ligg generelt dårleg an føre lokalvalet til neste år. Hardanger-saka og striden om lokalsjukehusa hjelper ikkje på situasjonen - for å seie det forsiktig, seier Aardal til NTB.
Han understrekar at det er vanskeleg å seie korleis dei umiddelbare reaksjonane frå veljarane vil slå ut ved valet neste haust.
- Om misnøyen med helseministeren no er stor i Molde, gjekk det begeistringstog i Kristiansund i helga. Men at Arbeidarpartiet og resten av regjeringa no føler presset, er openbert, seier valforskaren.
Aardal meiner veljarane på Vestlandet har innsett at regjeringa sitt løfte om å bevare lokalsjukehusa, ikkje er til hinder for at viktige funksjonar som føde- og akuttilbod kan bli fjerna enkelte stader.
- Her står regjeringa føre eit enormt pedagogisk problem. Å tappe eit sjukehus for funksjonar er i mange sine auge det same som nedlegging og dermed også løftebrot, seier Aardal. (ANB-NTB)
• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar