søndag 19. desember 2010

Musikkvideo frå Nordfjord til Jens Stoltenberg og regjeringa




Alle kreative verkemiddel vert no tekne i bruk for å nå fram til regjeringa i kampen for lokalsjukehusa! Måndag 6. desember var det demonstrasjon framfor Stortinget med representantar for sjukehusforkjemparar frå heile landet, den 13. desember var det overrekking av ljos og ynskjeliste til helseministeren og same ettermiddag song for sjukehuset ved julegrana omlag 10 stader i Sogn og Fjordane. Og i kveld fekk eg tilsendt lenke til ein musikkvideo som ligg ute på YouTube. Avsendaren skriv:

Denne songen er eit resultat av eit sterkt engasjement for bevaring av lokalsjukehuset vårt på Nordfjordeid. Denne songen er til støtte for alle som kjempar for sitt lokalsjukehus, frå dykkar allierte her på Nordfjordeid. Ei av hovudmålsettingane med songen er at statsminister Jens Stoltenberg skal ha høyrt denne songen innan jula ringast inn. Hjelp oss å få fram bodskapet!

Bodskapen i teksten er at den politiske leiinga i landet må ta ansvaret for å sjå heilskapen i samfunnsutviklinga. Bodskapen er at politisk leiing ikkje må la prosessar som endrar grunnleggjande strukturar innan helsetenestene gå sin gang utan at dette vert vurdert i ein større heilskap, og politisk bestemt av politikarar valt av folket. Bodskapen til Regjeringssjefen er vidare at det ikkje går an å definere seg vekk ifrå klare valløfter: folk er ikkje dumme. Og bodskapen til mitt eige parti og Liv Signe er at, sjølv om vi er eit lite parti i Regjeringa, ser det ut for at vi har ein stor jobb å gjere så lenge AP ikkje har tenkt å halde løfta. Dei må difor stå på og kan ikkje gje seg. Dette er ei sak vi ikkje kan tape, og det skin vel gjennom i teksten at eg meinar Liv Signe er tøff nok for den jobben på vegne av distrikta.

Det er eit positivt avhengighetsforhold mellom by og land. Det skjer ei stor verdiskaping i distrikta, og det er potensiale for meir. Framtida er ikkje bestemt på førehand, ein har heile tida eit val: Utvikle eller bygge ned. Å legge ned fødetilbod og lokalsjukehusa er eit val om å bygge ned lokalsamfunnet, og dermed også redusere potensiale for verdiskaping og vekst i dette området. Den sterke reaksjonen i folket og no også i næringslivet den siste tida syner dette.


• Klikk her eller på overskrifta for å sjå videoen på YouTube.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar