onsdag 15. desember 2010
Lærdal ungdomsråds ønskeliste til helseministeren
Kjære Helse- og Omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen!
Ønskeliste for jula 2010
Etter kvart som me har vorte eldre, har me litt etter litt mista trua på Julenissen og hans evner. Meir tru har me på Deg og dine evner! Me sender difor over ønskelista for jula 2010 til Deg i staden for til Julenissen, og vonar Du vil innfri våre ynskjer.
• Stopp nedlegginga av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus og alle andre sjukehus rundt om i landet
• Stopp den systematiske nedlegginga av sjukehustilbodet vårt
• Gå vekk frå føretaksmodellen og få attende den politiske styringa
• Gje kvart einskild sjukehus sitt eige budsjett og eiga leiing
• Oppretthald akuttberedskapen ved sjukehusa våre
• Behald kjøken på kvart einskild sjukehus i staden for vakuumpakka mat
• Behald ortopeditilbodet både i Lærdal og på Eid
Me vonar Du vil ta på deg det ærefulle oppdraget og vera assisterande Julenisse for jula 2010!
Me vil også nytta høvet til å ynskje Deg ei god jul og eit godt nytt år!
Lærdal, 13.12.2010
Med venleg helsing Lærdal ungdomsråd
Synnøve Askeland, leiar
Helge Evensen Bjørkum, nestleiar
Representantane for Lærdal Ungdomsråd overleverte ønskelista til Anne-Grete Strøm-Erichsen under hennes besøk i Volda mandag 13. desember.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar