mandag 13. desember 2010

Nytt Lucia-feiringen måndag til å synge for lokalsjukehuset!

Nordfjordingar oppmodar alle lokale aksjoner om å nytte Luciadagen til å markere kampen for lokalsjukehusa i kvar grend eller kommune med songen "Det lyser i stille grender" ved juletreet i den lokale grenda eller kommunesenteret måndag 13.12. kl. 17.

Det er no satt i gang ein oppfølgande kampanje etter dei fantastiske arrangementa i Oslo og Måløy, for å fortsette kampen for Nordfjord sjukehus. Dette gjer nordfjordingane no i form ein ”Flash Mob song” i Nordfjord med borna i fokus på Lucia dagen. Og dei inviterer til at me gjer det same over heile landet, for å markere kampen for dei lokale sjukehusa.

Primus motor for tiltaket er Janne Endal Andersson. Alle som vil dra i gang lokale arrangement kan ta kontakt med henne - eller berre setje i gang lokalt.

Dette bør de gjera:
· Dra i gong songen på måndag 13. desember kl 17 og telle til 3 slik at heile landet syng i kor!
· Spreie informasjon på facebook og eventuelt andre kanalar. Informasjon om aksjonen vart lagt ut på facebook som ”hending” i går kveld og det er allereie stor oppslutning. KLIKK HER FOR Å KOMME TIL HENDINGA PÅ FACEBOOK. Bruk gjerne same hendinga og henge opp plakatar på butikkar, kaféar og andre stader.

DETTE SKAL SKJE MÅNDAG 13. DESEMBER KL. 17
· Vi oppmodar foreldre og born i heile landet, og elles alle som ønskjer, til å møte opp ved julegrana i sine kommunesentre, og synge saman med borna i kor:
"Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusende barnehender mot himmelen ljosa held.”
· Vi syng denne songen samstundes i alle kommunane, frå hjarte til hjarte, med ønske om at det framleis skal lyse i stille grender i framtida.


DET LYSER I STILLE GRENDER

Det lyser i stille grender
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.

Tekst: Jakob Sande 1931
Melodi: Lars Søraas d.y. 1948



Bakgrunn:
At Anne-Grete Strøm-Erichsen avviser protestane med eit smil og seier at dette berre er ”endringsmotstand” er lettvint og overfladisk og er som tatt ut av ein innhaldsfortegnelse frå ei bok om organisasjon og leiing. Det er arrogant, kynisk og hjartelaust og passar betre inn i ei Dickenshistorie frå 1800-talet og ikkje i eit moderne norsk oljeeventyr.

Det er vi som bur i regionane som må ta konsekvensane av nedlegging av fødetilbodet, og vi veit at liv vil gå tapt som følgje av dette. Vi har ikkje råd til å miste nokon av borna våre, verken dei som er fødde, eller dei som enno ikkje er fødde, eller andre vi er glade i. Det er vårt ansvar som foreldre å sikre borna våre – og komande generasjonar si framtid!

Vi vonar at dei vakre stemmene til borna i heile landet blir høyrt heilt inn til hjarta til Jens og Anne-Grete i Oslo.

KAN DU DRA I GANG DETTE I DIN KOMMUNE?
Kontakt initiativtakar Janne Endal Andersson på mobil 41 21 87 96 eller epost janne(alfakrøll)segel(punktum)no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar