mandag 6. desember 2010

Odda og Stord: Klare til sjukehuskamp


NRK HORDALAND Over 1000 demonstrantar frå heile landet er venta å aksjonera mot nedlegging av lokalsjukehus framfor Stortinget i Oslo i dag.

Og bodskapen til demonstrantane er klar:
- Me krev at helseministeren stopper raseringa av lokalsjukehus og nedlegginga av føde- og akutttilbodet, seier regionskontakt for Folkebevegelsen for lokalsykehusene i Helse Vest-området, Nils Johan Ystanes.

Han er ein av fleire som held appell framfor Stortinget. Her vil helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) også få over 20 000 underskrifter mot nedlegging av lokalsjukehus.

LES ALT: Dette er sjukehusstriden i Noreg

Frå heile landet
Sjukehusaksjonistar frå store delar av landet kjem til Stortinget i dag. I Hordaland er det representantar for Odda og Stord som vil vera mest aktive under aksjonen.

LES MEIR: Protesterer via storskjerm i Måløy

I slutten av september vedtok styret i Helse Fonna å overføra delar av akuttilbodet ved lokalsjukehusa på Stord og i Odda til Haugesund og Bergen. Sist onsdag vedtok Helse Vest at Odda berre skal ha ei jordmordstyrt fødestue.

Terje Kollbotn i LO i Odda sit no på bussen på veg til Oslo, og han seier han ikkje kan akseptera reduksjonen i tilbodet.

- No har det vore folkemøte og fakkeltog over heile landet mot helseføretaka sine planar og vedtak. Det har ikkje ført fram, og no må folk i land og strand reisa til Stortinget og utfordra helseministeren og stortingspartia til å stoppa all form for nedbygging og heller prioritera utvikling av lokalsjukehusa, seier Kollbotn.

Håpar på over 1000
Sist gong det var ein nasjonal demonstrasjon mot nedbygging av lokalsjukehus var i 2003, og då samla over 1000 menneske seg framfor Stortinget. Ystanes håpar like mange vil møta opp i dag.

- Vedtaka for nedbygging har aldri vore så tydeleg som no. Derfor må flest mogeleg møta opp i demonstrasjonen og visa politikarane at dei må ta dette på alvor, seier Ystanes.

• Les saka på NRK Hordaland sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar