lørdag 11. desember 2010

Ingen klare lovnader frå helsestatsråden


SOGN AVIS Delegasjonen som møtte helse og omsorgsminister Anne Grethe Strøm Erichsen og Ap-sekretær Raymond Johansen, fekk ingen klare svar når det gjeld framtida for lokalsjukehusa med seg heim att

– For meg handlar dette no om politikk, ikkje fag. Her må Arbeidarpartiet bli mykje meir tydeleg. Dersom det er slik at dei vil leggja ned lokalsjukehusa, så får dei fortelja det til oss, seier Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal og ein av dei som møtte partikollegaene i helsedepartementet sine lokale.

Det er liten tvil om at tolmodet til grasrota i Arbeidarpartiet byrjar å bli noko tunnsliten sidan tida går og Arbeidarpartiet etter mange sitt syn ikkje er tydelege nok når det gjeld den framtidige sjukehusstrukturen. Det er sagt at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, men at innhaldet kan endrast på ein del sjukehus.

– Arbeidarpartiet bør no ta utgangspunkt i lokalsjukehusa og meina noko om dei. Det er vanvittig at helseføretaka no demonterer og i praksis legg ned lokalsjukehusa over heile landet.

Positivt møte
Lægreid, som saman med Hilmar Høl representerte Lærdal i dette møtet, hadde også med seg representantar frå Eid, Florø og Førde. Det var i utgangspunktet sett av ein time til møtet, men det strekte seg til nærare to timar. Lægreid seier det var Sogn og Fjordane Arbeidarparti som tok initiativet til møtet og at han ser det som positivt at dei fekk til eit møte på så kort varsel.

– Hovudbodskapen in til statsråden og Raymond Johansen er at det er uskjønleg og meiningslaust at helseføretaka får driva på som dei gjer samstundes som det er ein prosess på gang med ein nasjonal helseplan som skal behandlast i stortinget til våren. Eg skjønar det ikkje og eg ønskjer heller ikkje at helseføretaka skal driva på på denne måten. Dersom me skal ha ei omstilling når det gjeld sjukehusstrukturen i fylket, så må det bli ei sak for storting og regjering.

Lægreid legg til at dei vedtaka som er fatta av Helse Førde og Helse Vest når det gjeld nedlegging av fødetilbod og akuttfunksjonar, må stoggast.

Må stogga vedtak
– Behandlinga som skal skje i storting og regjering når det gjeld den nasjonale helseplanen, må få gå sin gang. Så får me sjå kva som kjem ut av det. Eg trur me fekk meldt inn at det er heilt feil at sjukehusstrukturen for framtida ikkje er ein del av ein nasjonal helseplan. Det kan ikkje vera opp til helseføretaka å bestemma dette.

– Var møtet som venta?
– Ja, det er ikkje ofte du får svar over bordet. Men eg ventar no at Arbeidarpartiet er tydelegare på dette punktet. Medlemene våre er klare på at dei ikkje aksepterer nedlegging av føde- og akuttilbod ved lokalsjukehusa. Det har me formidla vidare. Og ho lytta heilt klart til det me hadde å seia og vil drøfta innspela i regjeringskollegiet.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar