onsdag 15. desember 2010

Styreleiar: - Helseministeren har skjult agenda


NRK MØRE OG ROMSDAL Styreleiaren i Helse Nordmøre og Romsdal skuldar regjeringa for løftebrot. Han meiner regjeringa har ein skjult plan for utviklinga av sjukehusa i området.

Styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal, Helge Aarseth, seier det berre er eit skalkeskjul når utsetjinga blir begrunna med økonomi.

– I klartekst betyr brevet frå helseministeren at ho går for ein annan sjukehusstruktur enn styra. Det betyr i klartekst også at Nye Molde sjukehus aldri kjem til å bli bygd. Men dette er kontroversielt å seie. Derfor blir det tilslørt på ulike måtar. Dette reagerer eg veldig sterkt på, seier Helge Aarseth.

Eitt sjukehus er den eigentlege planen
Då helseministeren besøkte Molde i går, stadfesta ho at eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal er eit aktuelt alernativ, og at det kan bety at sjukehuset kan bli bygt ein annan stad enn i Molde. No hevdar Helge Aarseth at dette er den eigentlege planen.

–Vilkåra for bygging er oppfylt
Aarseth meiner statsministeren og fleire helseministrar har lovt byggjestart i 2012. Desse lovnadene er brotne, seier han. Der var nokre vilkår, men desse er oppfylt, seier Aarseth.

– Det var knytt to vilkår til tidspunktet for byggjestart. Det eine var at kostnadsramma skulle reduserast. Det andre var at Helse Midt-Noreg skulle få orden på eigen økonomi. Begge desse føresetnadene er oppfylt. Kostnadsreduksjonen er innvevd i prosjektet. Og i 2009 leverte Helse Midt-Noreg eit positivt økonomisk resultat, seier Helge Aarseth.

– Helseforetaka er overkøyrde
Aarsth meiner helseforetaka er overkøyrde. For styret er dette problematisk.

– Eg føler at den tilsløringa som skjer no er uverdig for oss som arbeider i helseforetaket. Det seier seg sjølv at det blir meir enn problematisk å delta i styrearbeid når måla kan flyttast på heile tida og løfte ikkje blir stått ved, seier Aarseth.

– Betyr det at du har planar om å trekkje deg?
– Det har eg ingen kommentar til no, seier styreleiar Helge Aarseth.

• Les denne, og tilhøyrande saker, på NRK Møre og Romsdals sider ved å klikke her eller på overskrifta

1 kommentar:

  1. Dessverre glemmer Aarseth å si at forutsetning for å bygge et nytt sykehus i Molde var å frarøve Kristiansund føde og akuttfunksjoner. Barneavdeling ville da også forsvinne. Han hevder at økonomien er i orden, samtidig som han vil fortsatt kutte i kirurgien i Kristiansund, pga økonomi.
    Disse funksjoner vil han overflytte nettop til sykehuset i Molde, som på tirsdag ble presentert til helseministeren som falleferdig uverdig.

    Ikke prøv å framstille deg som offer, Aarseth!

    SvarSlett